Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune- strategi for førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid.
Sogndal kommune skal være ei trygg og god kommune å vekse opp i. Alle barn og unge skal trivast, oppleve god læring, utvikling og meistring. Førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling er då avgjerande
Alle barn og unge skal trivast, oppleve god læring, utvikling og meistring. Førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling er då avgjerande. Rett førebygging kan gi store gevinstar i arbeidet vårt for barn og unge som har noko dei strevar med.
.
Den nasjonale samhandlingsmodellen Betre tverrfagleg innsats (BTI) er eit rammeverk for Sogndal kommune sitt arbeid med å etablere ein felles struktur for oppdaging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling retta mot gravide, barn, unge og deira familiar.
Sogndal kommune har utarbeidd ein samhandlingsmodell som viser korleis vi skal arbeide systematisk og langsiktig innsats for å betre barns oppvekst i vår kommune. Samhandlingsmodellen er grunnmuren for det heilskaplege arbeidet rundt barn og unge i vår kommune.
“Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune” er kommunen sin førebyggande plan for barn og unge som er eit viktig styringsdokument i arbeidet. Den presenterer kommunen sine helsefremmande og førebyggande tiltak.
Samhandlingsmodellen er lokalt tilpassa Sogndal kommune og byggjer på kommunen sin førebyggande plan, “Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune ”.
Samhandlingsmodellen på tre nivå. Grunnmuren for det heilskaplege arbeidet rundt barn og unge i vår kommune.
.Modellen er grunnmuren for det heilskaplege arbeidet rundt barn og unge. Den skal hjelpe oss å sikre tidleg oppdaging og koordinert oppfølging av barn, unge og deira familiar på tvers av tenester og nivå.
Samhandlingsmodellen viser Sogndal kommune sin innsats på eit overordna nivå og ut til det praktiske daglege arbeidet for og med barn, unge og familiar. Den viser mellom anna korleis planar, rutinar, møtearena og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at barn og unge får rett
hjelp til rett tid.
Den digitale samhandlingsmodellen vil vere eit levande verktøy i kommunen sitt arbeid med førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling. Samhandlingsmodellen blir oppdatert i tråd med teneste- og samfunnsutvikling.
Den viser korleis heile kommunen, på tre ulike nivå, jobbar for å sikre at barn og unge i Sogndal får rett hjelp til rett tid:
Tre nivå :
- Tilsette / Barn, unge og føresette
Korleis tilsette skal oppdage og følgje opp barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte. BTI rettleiaren viser trinn for trinn korleis tilsette skal gå fram frå oppdaging til handling, oppfølging og tverrfagleg samhandling. Rettleiaren sikrar tidleg innsats, foreldreinvolvering og samordning av tenester Betre tverrfagleg innsats (BTI) er Sogndal kommune sitt rammeverk for å sikre ein felles struktur for tidleg oppdaging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling retta mot gravide, barn, unge og deira familiar. - Eining / Teneste
Syner korleis kommunen sine tenester arbeider og samarbeider til barn og unge sitt beste. Planar, rutinar og strukturar for å sikre medverknad, samhandling, rett og nødvendig kompetanse hjå tilsette. Eit minimum av felles kunnskap om kvarandre sine tenester på tvers av sektorar er viktig for å kunne førebygge og oppdage behov på eit tidleg tidspunkt. - Både innbyggjarar og tilsette bør vite kva tilbod og tenester dei kan forvente å finne i kommunen. Tenester og tiltak i Sogndal kommune og Tverrfaglege drøftings- og samarbeidsarenaer
- Kommune nivå: Kva overordna planar, prioriteringar og rutiner Sogndal kommune har for arbeidet med førebygging/helsefremming, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling for barn, unge og familiar Førebyggande plan for barn og unge er ein sentral overordna plan for kommunen sitt arbeid med førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune – plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar
- Tiltaksoversikt for Sogndal kommune