Tilbake

BTI- Betre tverrfagleg innsats

For at alle barn og unge skal få den oppfølginga og hjelpa dei treng i eit tett samarbeid mellom familien og kommunen, jobbar tilsette etter BTI.

BTI skal sørge for at eventuelle hjelpebehov blir oppdaga og at riktige tiltak vert sett i verk så tidleg som mogleg. Barnets beste skal alltid vere i fokus. Har barnet/ungdommen behov for hjelp frå fleire tenester, skal tenestene jobbe saman og tilby heilskapleg innsats.

Her kan du sjå ein informasjonsfilm om BTI (film frå Agder)

Kva består BTI av?

  • BTI-rettleiar som viser korleis tilsette steg for steg skal gå fram frå oppdaging til handling (både innanfor eiga teneste og mellom tenester).
  • Eit koordineringsansvar, ei teneste (stafetthaldar) som har ansvar for å koordinere samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk plan (stafettlogg)
  • Ulike verktøy, for eksempel samtykkeskjema, malar, tips/ råd til samtalar med barn og unge, handbøker.
  • Tilsette sin kompetanse, både om BTI og det faglege innhaldet i arbeidet med tidleg innsats, samordning og medverknad.

BTI-rettleiaren

Fagpersonar som jobbar med barn og unge treng kunnskap om korleis ein skal gå fram når ein oppdagar at eit barn eller ein ungdom treng hjelp og/eller støtte.

BTI rettleiaren gir tilsette informasjon, verktøy og hjelp for å sikre rett framgangsmåte i situasjonen dei står i. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane vi skal nytte oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenester. Når ein tilsett oppdagar eit barn eller ein ungdom som treng hjelp og/eller støtte, startar arbeidet på lågast mogleg bistandsnivå.

Du er første steg mot ei løysingSom medmenneske skal vi bry oss og ta tak i ei undring eller uro ein kjenner på. Kommunalt tilsette pliktar å gjere det. Vi skal ikkje vente og sjå.

Kvifor BTI?

BTI sikrar at barnehage, skule, helsestasjon og andre kommunale tenester som møter barn og unge til dagleg, har eit lett tilgjengeleg verktøy som skildrar i steg og nivå kva handlingar som skal gjerast når ein oppdagar at eit barn eller ein ungdom treng hjelp og/eller støtte.

  • Ved at alle tilsette jobbar etter ein handlingsrettleiar (BTI-rettleiaren) ynskjer vi å sikre lik praksis og godt samarbeid, samt unngå at familiar vi er i kontakt med skal oppleve at dei vert sendt mellom ulike tenester i kommunen.
  • BTI skal sikre at oppfølging av barn, unge og familiar som strevar er systematisk, evaluerande og i tett samarbeid med den det gjeld.

BTI bidreg til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering/medverknad.

  • Tidleg innsats handlar både om å oppdage vanskar i tidleg alder, men også å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling.
  • Samordna tenester  handlar om å betre samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (f.eks. PPT, helsetenester) i fellesskap skal hjelpe barn, unge og familiar gjennom utfordringar/vanskar.  Med ein klar struktur bidreg BTI til ei styrka samhandling, både med den det gjeld, men også mellom tenester.
  • Foreldreinvolvering/medverknad handlar om at BTI baserar seg på at føresette i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga på ei utfordring/vanske. Det vert derfor lagt stor vekt på at kommunale tenester skal samhandle med barn, unge og føresette gjennom hjelpeprosessen, og at den/dei det gjeld skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt etter at tilsette har oppdaga behov for hjelp og oppfølging.

Korleis bruke BTI?

  • Dersom tilsette oppdagar eit barn som treng hjelp og/eller støtte skal tilsette som hovudregel følgje BTI-rettleiaren. Målsettinga er at tilsette ser og handlar så tidleg som mogleg, alltid med tanke på barns beste.
  • Det er grunnleggjande viktig at barn, unge og føresette blir involvert på eit tidleg tidspunkt. Ved all oppfølging er medverknad og samarbeid med barnet / ungdommen og føresette ein viktig føresetnad for å få til gode løysingar. Unntaket er ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. Då skal barnevernet og/eller politi kontaktast direkte.
  • Når ein tilsett har kontakt med eit barn/ungdom/familie og ser behov for å samarbeide med andre tenester, skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld.