Tilbake

Samhandling med barn og unge

Korleis barn kommuniserer at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over signal vil difor aldri kunne vere fullstendig og signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon.

Barn har ulike måtar og signal for å gje uttrykk for at ein ikkje er trygg, eller viser teikn på at dei lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon. Dette skal alltid takast på alvor. På kva for måte barn kommuniserar at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over barn sine signal vil difor aldri kunne vere utfyllande. Signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon, og treng ikkje alltid vere eit signal om alvorleg uro.

Barna sine signal bør likevel vere eit grunnlag for ein samtale med føresette, med unntak ved vald og overgrep. Då skal ein alltid kontakta barnevernet direkte. Uansett er det viktig å vere merksam på at barn som lever i familiar med psykiske vanskar, vald eller rusproblematikk ofte kompenserer for manglande omsorg ved å vere overdrevent ansvarlege og tilpasingsdyktige. Det er difor ikkje alle barn visar tydelege symptom.

Sogndal har samla støtte for å fanga opp signal og for korleis ein følger desse opp som verktøya i dei ulike nivåa og stega  i BTI-rettleiaren.

I arbeid med barn og unge er samhandling og medverknad ein naturleg del av utforminga av det enkelte tilbodet. Samhandling med barn, unge og føresette inneber at tenesta og familien samarbeider og at tilbodet vert tilpassa barnet/ungdommen og familien ut frå deira behov.

Barn/ungdom, føresette og tenesta(er) som er involvert deltek aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Unntak ved mistanke om vald og overgrep, då kontaktar tenester barnevernet og/eller politi direkte.

Samarbeidsplikta for velferdstenestene er nedfelt i fleire lover, “Samarbeid på individnivå”. Den enkelte velferdsteneste har plikt til å vurdere om samarbeid er nødvendig for å gje barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, og det er kommunen som har det overordna ansvaret for at velferdstenestene oppfyller samarbeidsplikta.

BTI bidreg til styrka samhandling

både med barn/ungdom og føresette, og mellom tenester slik at det vert jobba målretta, effektivt og heilskapleg, og utan at det oppstår brot i oppfølginga.

Samhandlingstrappa, som er illustrert under, syner korleis vi samhandlar på dei ulike nivåa i BTI-rettleiaren:

  • Nivå 0: Samhandling med barn/ungdom, tidleg foreldreinvolvering
  • Nivå 1: Samhandling mellom ei teneste og føresette, barn/ungdom
  • Nivå 2: Tverrfagleg samhandling mellom to tenester og føresette, barn/ungdom
  • Nivå 3: Tverrfagleg samhandling mellom fleire tenester og føresette, barn/ungdom

Koordineringsansvar / Stafettlogg

Dei ulike nivåa i BTI er bunde saman av brikka som strekk seg mellom nivåa. Den symbolisera koordineringsansvaret som skal sikre at det ikkje vert brot i oppfølginga.

Barn og unge som treng hjelp og oppfølging frå barnehage, skule, helsestasjon eller andre kommunale tenester skal få tilbod om stafettlogg. Dette er ein elektronisk plan og eit samhandlingsverktøy for målretta oppfølging og evaluering av tiltak rundt barn og unge i kommunen. Safettloggen følgjer barnet/ungdommen gjennom barnehage- og skuleløpet, dersom den ikkje eksplisitt vert avslutta.

Stafettloggen vert anbefalt å opprette på BTI nivå 1, der eininga samarbeidar med barn, unge og føresette om tiltak og oppfølging. Stafettloggen følgjer dermed barnet/ungdommen i hjelpeprosessen og eventuelt vidare til eit tverrfagleg samarbeid, dersom det vert behov for å invitere inn andre fagpersonar / tenester for å skape gode løysingar på utfordringa. Fagpersonen(ane) vert invitert inn i stafettloggen etter samtykke frå den det gjeld. BTI nivå 2 og nivå 3 beskriv det tverrfaglege samarbeidet.

Målet er at barn, unge og føresette skal oppleve å få rett hjelp til rett tid, og eit godt koordinert og samordna tilbod når det er behov for det. Stafettloggen

  • er eit viktig verktøy for kommunikasjon og samhandling mellom familien og involverte teneste(r)
  • sikrar invidiuell oppfølging av barn, unge og gravide
  • sikrar gode overgangar for barn og unge
  • gir oversikt over kva tenester som til ei kvar tid er involvert, og kva oppgåver og ansvar dei har
  • sikrar dokumentasjon av det som skal gjerast og det som er gjort
  • erstattar ikkje fagsystem eller dokumentasjonskrav som følgjer av eigen profesjon (eks. helsepersonell)
  • utarbeidast alltid saman med den det gjeld

I verktøykassa til BTI finne du informasjon som kan nyttast både internt, men også som informasjon til føresette. Her finn du m.a. informasjon om kva tilfelle ein stafettlogg vert oppretta, når ein stafettlogg blir avslutta, forskjellen mellom ein stafettlogg og individuell plan og korleis du får tilgang til den elektroniske stafettloggen.

Ved oppfølging innanfor ei eining (BTI nivå 1), eller i eit enkelt samarbeid mellom to tenester (BTI nivå 2), er det oftast den som er tettast på barnet, ungdommen, føresette eller den gravide i kvardagen som er koordineringsansvarleg, også kalla stafetthaldar. Det kan vere helsesjukepleiar for barn i barnehagealder, pedagogar/styrar i barnehagen, kontaktlærar/rektor på skulen eller jordmor om det gjeld gravide. Ved endringar i utfordringsbildet eller ved overgang til nytt nivå i BTI skal det avklarast med den det gjeld kven som skal vere stafetthaldar.

Individuell plan, koordinator og barnekoordinator

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP). IP er eit verktøy og ein strukturert samarbeidsprosess, med grunnlag i barnet/ungdommen/familien sine ynskjer, mål og moglegheiter. Les meir om individuell plan i nasjonal rettleiar. 

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre naudsynt oppfølging og samordning av tenestetilbodet kring brukaren, samt framdrift i arbeidet med individuell plan.

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator.

Forskjellen mellom samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte

I samhandling med barn/ungdom, føresette og eventuelle involverte tenester nyttar kommunen to ulike møteformer, samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte.

Samarbeidsmøte er ein møteform som vert nytta når det er behov for samarbeid og samhandling i tråd med BTI-rettleiaren. Samarbeidsmøte er eit møte mellom familien og hjelparar som er involvert. Føremålet med møtet er å koordinere tiltak som er sett i verk i samarbeid med familien, og eventuelt koordinere tverrfagleg innsats dersom fleire tenester er involvert rundt barnet/ungdommen.

  • For barn og unge med behov for oppfølging og evaluering av tiltak.
  • Ansvar for koordinering: stafetthaldar, oftast den som er tettast på barnet i kvardagen.
  • Føresette og ungdom deltek i samarbeidsmøta, saman med aktuelle teneste(r).
  • Stafettloggen er eit sentralt samhandlingsverktøy i samarbeidsmøta. Her vert mål og tiltak rundt barnet/ungdommen utarbeidd og evaluert. Innkalling til, og møtereferat frå samarbeidsmøta blir også dokumentert i stafettloggen.
  • På BTI nivå 3 bør det vurderast om barnet har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og ein rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP). Her vert føresette, barn/ungdom involvert i den vidare prosessen og ev. bistand med søknad til tildelingseininga.

Ansvarsgruppemøte er ein meir formalisert form for samarbeidsmøte, og er ein møteform for barn og unge som har vedtak om individuell plan. For barn og unge med langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, skal kommunen tilby koordinator / barnekoordinator og individuell plan. Koordinator / barnekoordinator har eit særleg ansvar for å følgje opp og sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator kallar inn til ansvarsgruppemøte. Etter ynskje frå den det gjeld deltek aktuelle tenesteytarar på møta.

  • For barn og unge med vedtak om individuell plan og koordinator.
  • Ansvar for koordinering: koordinator / barnekoordinator.
  • Består av barnet/ungdommen, føresette og ulike fagpersonar som har kontakt med barnet/ungdommen/familien.
  • Individuell plan er verktøyet for ansvarsgruppa og skal bidra til at barnet/ungdommen får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Digitalt verktøy for samarbeid og samordning av tenester – Visma Flyt Samspill

Sogndal kommune nyttar Visma Flyt Samspill som felles digitalt samhandlingsverktøy, og vert nytta som plattform for samhandling på individnivå.

Flyt Samspill er eit samhandlingverktøy for både

  • stafettlogg
  • individuell plan

Stafettlogg og individuell plan samlar informasjon, mål, tiltak og ansvar på ein plass, og sikrar reell medverknad. Fagpersonar som har ei rolle rundt eit barn/ungdom får invitasjon og tilgang til stafettloggen eller den individuelle planen etter samtykke frå føresette. Flyt Samspill er eit godt verktøy i samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte, som sikrar systematikk i arbeidet med oppfølging og evaluering av tiltak og tenester.

Flyt Samspill er tilgjengeleg via internett og har sikker innlogging (BankID) og trygg behandling av personsensitiv informasjon. Her kan du logge på Visma Flyt Samspill.

Er du tilsett i Sogndal kommune og treng tilgang til å opprette stafettlogg eller individuell plan for eit barn eller ein ungdom? Treng du opplæring i Visma Flyt Samspill? Er du ny i koordinatorrolla og treng opplæring? Ta kontakt med leiaren din.

BTI

BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytta undring eller bekymring til. Hensikta med BTI-modellen er å kvalitetssikre ein heilskapleg og koordinert innsats, utan at det blir brot i oppfølginga. BTI bidrar til tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI-modellen beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene, og viser veg frå bekymring til handling.