Medverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betra kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet. Det inneber at tilbodet så langt som råd vert utforma i samarbeid med brukaren, og at det vert lagt stor vekt på brukaren sine ønsker.
Kommuna er plikta gjennom lova å leggje til rette for medverknad i planprosessar og har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettlegging, der i blant barn og unge.
Medverknad skal gå føre seg på alle nivå i samhandlingsmodellen. På kommunalt nivå betyr medverknad at innbyggjarane skal ha moglegheit til å medverke i utarbeidelse av overordna planar i kommunen. Medverknad kan gå føre seg på ulikt vis, for eksempel gjennom opne møter eller ved å bli involvert i høyringsutalar. Til dømes gjennom:
- Brukarråd
- Ungdomsråd