Sogndal kommune har sidan 2019 hatt fokus på betre samhandling for barn og unge i dei kommunale tenestene og har arbeidd med betre tverrfagleg innsats; BTI. Ordninga er forpliktande og skal sikra heilskapleg og tverrfagleg samhandling i arbeidet med barn og unge. Gjennom tidleg innsats og betre samhandling kan fleire familiar få rett hjelp til rett tid.
BTI er ein modell som skal bidra til tidleg innsats og samordna tenester for barn og unge, og føresette – utan oppfølgingsbrot, og det er laga eigen handlingsrettleiar til arbeidet for å sikra medverknad frå barnet og deira føresette, sikra at ein arbeider etter gjeldande regelverk og etter faglege tilrådingar. Alle tilsette i oppvekst skal arbeida etter modellen og rutinen i handlingsrettleiaren.
Les om modellen her:
Lenkje til BTI rettleiar
Kommunale planar i oppvekst og helse - barn og unge
Kommunale styringsdokument som legg føringar for kommunen sine tenester. Kommunen sine planar vert basert på regionale og lokale forhold, men vert styrt av statlege føringar.
Kommunedelplanar:
Fag og temaplanar/ handlingsplanar
Kommunale styringsdokument som legg føringar for kommunen sine tenester. Kommunen sine planar vert basert på regionale og lokale forhold, men vert styrt av statlege føringar.
Budsjett og økonomiplan
Budsjett og økonomiplan inneheld kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan, samt måla kommunen skal arbeida mot over ein fireårsperiode.