Tilbake

Rutinar og verktøy

Rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.

Sogndal kommune har rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.

Felles for alle tilsette

Felles rutinar og verktøy – for alle tilsette i Sognal kommune, uansett teneste, i arbeid med barn, unge, gravide og familiar:

  • Handlingsrettleiar BTI
  • Drift av BTI og stafettlogg i Sogndal kommune- rutinar, roller og ansvar for leiarar.
  • Rettleiar for stafettlogg- BTI

Felles for barnehagane

Barnehagemiljø

Alle barnehagebarn skal oppleve eit trygt og inkluderande barnehagemiljø. Vi skal vere engasjert, inkluderande og nær i vårt arbeid med å skape gode miljø og førebygge krenking. Om barn opplever krenking skal vi kartlegge og setje i verk tiltak. Det skal vere nulltoleranse for krenkingar.

Les meir om korleis Sogndal kommune jobbar med barnehagemiljø.

Overgangar

Les meir om korleis Sogndal kommune jobbar med overgang mellom barnehage til skule. 

Felles for skulane

Felles rutine og verktøy for alle tilsette knytt til oppdaging, iverksetting av tiltak, oppfølging og tverrfagleg samhandling. Når det gjeld organisering av samarbeid på systemnivå mellom kommunale tenester innad i kommunen er det meir naturleg at strukturane for samarbeid og innhaldet i samarbeidet følgjer av kommunen sine planar og retningslinjer, enn av avtalar mellom dei ulike tenestene. Eksempel på slik samarbeidsstruktur er samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).

For å sikre godt samarbeid og god samordning av tenester for barn og unge brukar Sogndal kommune ei felles elektronisk samhandlingsplattform, Visma Flyt Samspill. Flyt Samspill er eit samhandlingsverktøy for både stafettlogg og individuell plan.

Skulemiljø og skulefråvær

I skulen er vi avhengig av gode rutinar for å følgje opp pliktene i opplæringslova og andre aktuelle lovverk. Vårt fremste mål er å skape ein trygg og positiv læringsarena, der vi jobbar systematisk med å redusere krenkingar og aukar trivselen blant elevane. I arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø for elevane, har vi rutinar på korleis vi følgjer med, grip inn, varslar og undersøker, dersom det er mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt. Vi har også rutinar på korleis ein saman med eleven og føresette lagar ein aktivitetsplan, og evaluerer denne.

Ut over rutineverket knyt til skulemiljøet har sektoren fleire rutinar som sikrar høg pedagogisk kvalitet, mellom anna inn mot tilpassa opplæring og tidleg innsats. Gjennom kommunens prosjekt for å redusere ufrivillig fråvær i skulen har vi òg utvikla rutine for kartlegging og oppfølging av elevar i risikogruppa.

Les meir om korleis Sogndal jobbar med skulemiljø og skulefråvær. 

Helse

Svangerskapsomsorga
Sogndal helsestasjon
Skulehelsetenesta

Overgang skule – skule.