Tilbake

Medverknad

Medverknad inneber at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon og at alle partar er opne og lyttar til kvarandre.
På tenestenivå handlar medverknad om at brukarar og pårørande bidreg i evaluering, utvikling og kvalitetsforbetring i dei konkrete tenestene.
Dette er eit meir praktisk nivå, der til dømes skular, barnehagar og helse- og omsorgstenester samarbeider med brukarar om å utvikle betre tilbod.

Kjenneteikn:

Døme på medverknad

Skule:

  • Elevråd
  • Elevundersøkingar
  • Foreldreundersøkingar
  • Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
  • Samarbeidsutvalet (SU)
  • Ungdataundersøkinga

Barnehage 

  • Foreldreråd
  • Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
  • Samarbeidsutvalet (SU)
  • Foreldreundersøkingar

Andre tenester

  • Brukarundersøkingar
  • Dialogmøte med brukarar og pårørande
  • Erfaringskonsulentar/brukarrepresentantar i prosjekt

På dette nivået er målet å utvikle betre tenester gjennom samarbeid mellom fagkunnskap og brukarerfaring.