Korleis kommunen oppnår rett og oppdatert kompetanse for dei oppgåvene som skal løyast, og for at innbyggarane skal få gode og heilskaplege tenester.
Organisasjon og kompetanseheving
Organisasjon og kompetanseheving for Sogndal kommune bygger på hovudavtalen (Del B) og arbeidsmiljølova § 4-2 sine krav om kompetanseutvikling og fagleg og personleg utvikling.
Organisasjon og kompetansehevinga må styrke, leiarfagleg kompetanse, profesjonane sin kompetanse og samarbeidet mellom tilsette i sektoren ( barnehagane, skulane, PPT, helsestasjonen og skulehelsetenesta og barnevern) og på tvers av sektorar for å nå måla for oppvekst.
Oppvekstsektoren er i ein endringsprosess der medverking og tverrfagleg samhandling står sentralt i arbeidet med å utvikle samordna tenester som born og unge og familiane deira treng i møte med krav og utfordringar som er i samfunnet.
Alle som jobbar med born og unge si læring og utvikling har plikt og ansvar til å arbeide for eit godt og systematisk samarbeid mellom tenestene og at det blir meir samarbeid mellom ulike profesjonen for å bygge eit tverrprofesjonelt lag rundt born og unge. Skuleeigar og barnehageeigar må difor samarbeide og samhandle på alle nivå for å sikre god koordinering og retning på arbeidet. Målet er å nytte ressursane på ein måte som kjem born og unge til gode.
Læring i eit profesjonsfellesskap
Læring i eit profesjonsfellesskap i handlar om å betre forstå eigen praksis gjennom å analysere eigen praksis og bli vand til å justere og forbetre til beste for born og unge . Lukkast ein i arbeidet med profesjonsfagleg utvikling vil det ha ei grensesprengande kraft for born og unge sin motivasjon, læring og utvikling.
Gjennom å utvikle det profesjonsfaglege fellesskapet blir det bygd kompetanselag som vil gi brei fagleg kunnskap om brukaren sitt behov og livssituasjon. Fleirfagleg samarbeid utviklar ein samla kompetanse som er større enn summen av partane sitt bidrag kvar for seg. Eit robust lag kring barn og unge sikrar både fagleg og sosial utvikling og læring.
Organisasjon og kompetanseutviklinga rettar seg fyrst og fremst mot målgrupper som har ansvar for born og unge og legg til grunn koordinert innsats mellom tenestene er naudsynt for å sikre at alle arbeider mot same mål.
Organisasjon og kompetanseutviklinga er forankra i m.a helselovgjevinga, barnevernslova, lov om barnehage (rammeplan for barnehage), og opplæringslova (i overordna del av læreplanen).
Mål
Med bakgrunn i Samfunnsplanen, vil satsinga for organisasjon og kompetanseutvikling skje gjennom eit sterkt profesjonsfellesskap i Sogndal kommune:
- eit profesjonsfagleg fellesskap som arbeider systematisk for born og unge si utvikling og læring
- utvikle og støtte kollektive prosessar som i eit utforskande fellesskap mellom tilsette i tenestene og sektorane, utviklar kunnskap og kompetanse for at barn og unge skal ha den beste oppveksten
- leiarane skal utvikle ferdigheiter i leiing av profesjonsfellesskap og byggjer på prosessleiing og har som målsetjing å utvikle gode oppvekstmiljø for barn og unge.
- nyutdanna skal sikrast tett og god oppfølging frå arbeidsgjevar. Og den nyutdanna skal inkluderast i profesjonsfellesskap i tenestene, som ei støtte i overgangen frå utdanning og yrke.
- relasjonskompetanse for å bygge eit kompetent lag rundt born og unge